Kyrkjebygg i Sauda

Sauda Kyrkje

Sauda kyrkje er ei langkyrkje frå 1866 i Sauda kommune i Rogaland fylke. Byggverket er i tømmer og har 350 sitjeplassar. Kyrkja er reist etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Ho vart vigsla av sokneprest P. R. Hoffgaard på vegner av biskop Jacob von der Lippe 26. september 1866. Da kyrkja blei innvia hadde ho ikkje spir og inventaret var enkelt. Kyrkja fekk spir i 1921 og tilbygga ved inngangen har komme til på eit seinare tidspunkt. Dagens altartavle har motivet Jesus i Getsemane, er måla av Samuel Tveit og avduka i 1919. Preikestolen er i tre og frå 1866, døypefonten frå 1952. Kyrkja fekk nytt kororgel i 2000 og nytt hovudorgel i 2002, begge bygde av Verschueren i neobarokk stil. I tillegg har kyrkja eit Yamaha-piano av nyare dato.

Saudasjøen kapell

Saudasjøen kapell blei innvigd i 1973. (meir tekst kjem)

Kapellet har eit flygel i svært god kvalitet, av merket Grotrian Steinweg. Orgelet er frå 1978, bygd av Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk, med to manual og pedalar.

Hellandsbygd kapell

Kapellet var opphaveleg eit bedehus som høyrde til Hellandsbygd Indremisjon. Det blei bygd i 1929. Mottoet er henta frå Jeremia 22,29: «Land, land, land, høyr Herrens ord», og inskripsjonen står å lesa på veggen over koropninga. I 1954 blei huset heva, slik at ein fekk plass til kjellar. Rommet der altaret står, koret, er eit tilbygg. Her der det også to små sakristi. Bedehuset blei vigsla til kapell av biskop Karl Marthinussen i 1956. Saudefaldene bar store deler av kostnadane for denne satsinga. Det er sitjeplassar til om lag femti personar om ein slår opp dørene til våpenhuset. Interiøret er særmerkt av den utstrakte bruken av tropisk treverk, m.a. mahogni. I kjellaren er det forsamlingslokale med kjøken. I dag blir Hellandsbygd kapell brukt til fire gudstenester i året, samt til gravferd og bryllaup. Gravplassen ligg i høgda idet ein kjem til bygda frå vest. Det er utstyrt med eit mindre pipeorgel med tre registre og eitt manual, samt eit motorisert harmonium i kjellaren.

Solbrekk kapell

Gravplassen på Solbrekk blei vigsla i 1931. På 1950-talet byrja ein for fullt å planlegge gravkapell på staden. Arkitektane Alsaker og Waardal-Lunde sine teikningar blei godkjende, og huset stod ferdig i 1960. Inventar, utstyr og utsmykning blei betalt av private gjevarar. Prost Eikeland stod for vigslinga Solbrekk kapell ligg fredeleg til i høgda, med utsikt ut fjorden. På fondveggen er det ein kross med glasmaleri, og på altaret like nedanfor krossen står det to lysestakar som er av nyare dato. Desse blei tilverka av ein innsett ved fengselet i Sandeid. Det er sitjeplassar til i alt 186 personar i kapellet, inkludert galleriplassane. I kjellaren er det kjølerom og stellerom. Solbrekk kapell blir kun brukt til gravferder og bisetjingar, og er den mest brukte staden for dette i Sauda. Det er utstyrt me eit svært enkelt orgel på galleriet, med eitt manual og fem registre, bygd i 1973 av Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk. I tillegg står det eit Fazer-piano nede.

Kontaktinformasjon for Sauda sokn

Adresse

Toppadalen 3

4200 Sauda

Kontakt

post@sauda.kirken.no

400 35 642

Opningstider

Tysdag, torsdag og fredag

Kl. 10 - 13

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"