I gudstenesta vert namna på dei som har gått bort siste året lese opp, og vi får tenne lys for dei vi saknar og for håpet som lever vidare. Lystenninga er for alle som ynskjer å delta, og slik vert lyset eit stille språk for det som hjarta våre ikkje alltid får sagt.
Musikken denne kvelden vil vere som eit mjukt teppe rundt oss. Kantor Gunnar Inge Eide, fiolinist Øyvind Robak, og vokalist Kristin Storstein vil formidle tonar som ber både sorg og håp, og som kan løfte oss inn det håpefulle. Musikken vil spegle det vi kjenner på – og kanskje opne eit rom for fred og håp.
Liturg er sokneprest Ann Kristin Langeland, som vil leie oss gjennom ei gudsteneste der vi får kvile i fellesskapet og i trua på at lyset er sterkare enn mørket. Det blir ei stund der vi kan senke skuldrane, puste og kjenne at vi er omslutta av noko større.
Allehelgensdag minner oss om at vi høyrer saman – i sorga, i håpet og i trua. Gudstenesta er for alle, og du er hjartelege velkomen. Kom som den du er, med det du ber på. Kom med eit namn i hjartet ditt, med ei tåre i augekroken eller berre med eit ønskje om å få vere til stades, høyre til og tenne eit lys. Her er det rom til deg.
Det vert allehelgendsgudsteneste også i dei andre kyrkjene i fellesrådsområdet:
Sylte kyrkje kl.11.00
Stordal kyrkje kl.11.00
Stranda kyrkje kl.11.00
Geiranger kyrkje kl.16.00
Liabygda kyrkje kl.16.00
Norddal kyrkje kl.18.00
 
                    