Kyrkjekontoret i Stranda vil med dette informere om prestetenesta i Storfjorden. Vi har tre tilsette prestar, Ann Kristin Langeland i Sunnylven og Stordal, Barbro Godø Thomassen i Norddal og Geiranger, og Claes Blom Mørch i Stranda og Liabygda. Etter tre år i teneste i Stranda og Liabygda har Claes Blom Mørch no sagt opp si stilling. På grunn av sommaravvikling har det ikkje lagt seg til rette med avslutningsgudsteneste for han.
Vi takkar Claes for alt han har betydd for folket i Stranda og Liabygda sokn, og ønsker han alt godt for liv og teneste vidare. Claes helsar til kyrkjelydane, og seiar at Stranda og Liabygda har vore svært gode tenestestader for han.
Denne hausten er Barbro i full teneste i sine sokn, medan ho våren 2027 tek fatt på siste semester som prestestudent, og med planlagt vigsling til sommaren. Ann Kristin Langeland vil i hovudsak vere i teneste i Sunnylven og Stordal som vanleg, men har nokre veker permisjon i samband med eit beredskapskurs.
Prosten arbeider no med å rekruttere ny prest så snart som råd, og vil i første omgang dekke prestetenesta med vikar. Prosten og fellesrådet kjem med ny informasjon når det er meir å melde.