Gudstenesteliv

Gudstenesta er kyrkjelydens felles samlingspunkt. Det er eit fellesskap kor menneske samlas – eit fellesskap som samlar seg rundt trua på Gud og Jesu Kristi oppstode. Ei gudsteneste er ikkje ein konsert eller eit show, men et samlingspunkt kor vi saman skaper gudstenesta sitt innhald gjennom ord, bøn og song.

Den kristne gudstenesta har sin tradisjon heilt tilbake til dei første kristne, og mange av handlingane i ei gudsteneste er tradisjonar som har følgt den kristne kyrkja gjennom heile den 2000 år gamle historia.

Ulstein sokn består av eit mangfald av menneske, og dette mangfaldet er ein velsigning for samfunnet og kyrkja.

Dette mangfaldet synliggjerast også gjennom at gudstenestane våre har ulike uttrykk og former. Vi er ulike menneske med ulike uttrykksmåter, og dette skal også gjenspeglas gjennom gudstenestelivet. Av den grunn vil nokre gudstenester ha uttrykk som er spesielt retta mot blant anna born, ungdom, vaksne, psykisk utviklingshemma osv. Nokken døme på slike gudstenester er: 4-årsbokutdeling, Universelt utforma gudstenester (HVPU), Drypp (ungdomsgudstenester), lysmesse.

Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = CCBot/2.0 (https://commoncrawl.org/faq/) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser