Ny prost i Nordhordland

Frå 1. oktober har Nordhordland prosti fått ny prost. Arne Mulen har teke over etter Helge Taranrød. Vi ønskjer den nye prosten hjarteleg velkomen til Alver!

Publisert:

Ny prost i Nordhordland

Frå 1. oktober er Arne Mulen ny prost i Nordhordland prosti. Han tek over etter Helge Taranrød, som har vore prost sidan 2018 og no har gått av med pensjon.

Arne Mulen kjem frå ei stilling som spesialprest i Åsane sokn og har lang og brei erfaring frå kyrkja. Han har tidlegare vore både kapellan og sokneprest i Ytre Arna og Åsane. I tillegg har han vore misjonær for NMS i Frankrike i åtte år.

Som prost får Arne Mulen ansvar for å leie prestetenesta i Nordhordland prosti og vere eit viktig bindeledd mellom kyrkjelydane og Bjørgvin bispedøme. Nordhordland prosti omfattar kyrkjelydar i Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund.

Vi ser fram til å bli betre kjende med Arne Mulen og til eit godt samarbeid i tida som kjem. Vi ønskjer han lukke til med dei nye oppgåvene og tenesta i Nordhordland.

Hjarteleg velkomen til Nordhordland prosti!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"