Velkomen som konfirmant!

Me ser fram til nytt konfirmantår! Meir om konfirmantopplegget finn du når du går til menylinja øvst på nettsida, og trykker «KONFIRMASJON», eller i lenka under bildet i denne artikkelen. Hjarteleg velkomen som konfirmant i kyrkja!

Velkomen som konfirmant!

Så kjekt at du lurer på å vera konfirmant i kyrkja året 2026-2027!

Informasjon har kome i posten til dei som er medlem i Den norske kyrkja. Er du ikkje medlem er du hjarteleg velkomen til å melda deg på likevel! Meir informasjon om konfirmantåret og påmelding finn du her:  Konfirmasjon - Knarvik sokn Påmeldinga i Knarvik sokn opnar 1.mai 2026 klokka 10.00. Dersom det er fleire konfirmasjonsgudstenester same helg og same dag i den kyrkja, er det førstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld. Det kan òg skje at temagrupper vert fulle, då forsvinn dei som val og konfirmanten må velja ei anna.   

Påmeldingsfrist: 25. august 2026

Konfirmantavgift: 1500kr. Dette inkluderer mat på alle samlingar, dagsleir og andre naudsynte utgifter.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt ved behov, så finn me ei løysing.

Infomøte 
Det vert informasjonsmøte for føresette og konfirmantar onsdag 19. august kl. 19.00 i Knarvik kyrkje.
Der vil de få vita meir om året som ligg framfor konfirmantane, meir om innhald, praktiske ting, og kan få stilla alle dei spørsmåla de ønskjer. 

 

Presentasjonsgudstenester:

  • 30.august kl. 11.00
    Seim kyrkje 
    Konfirmantar på Seim og Lygra

  • 13. september kl. 11.00 
    Knarvik kyrkje 

    Konfirmantar i Knarvik

  • 27. september kl. 11.00 
    Alversund kyrkje 
    Konfirmantar i Alversund 

Kan du ikkje den dagen det er i di kyrkje kan du koma ein av dei andre dagane - men hugs å gje beskjed til kateket Nina Jenny, slik at me veit kvar du skal presenterast. 

 

Konfirmasjonsgudstenester:

  • Knarvik: søndag 2.mai 2027
  • Seim og Lygra: søndag 9.mai 2027
  • Alversund: laurdag 29.mai 2027
  • Alversund: søndag 30.mai 2027

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"