Nynorsken syng i Alver
Frå ord til tonar under Nynorskdagane 18.–31. oktober. Når Nynorskdagane i Alver tek til 18. oktober, vert heile kommunen fylt med språkglede, kultur og fellesskap. Gjennom førelesingar, konsertar, litteratur og ulike møteplassar får nynorsken stå i sentrum. For kyrkja er dette ei naturleg markering. Nynorsken har i generasjonar vore eit språk for tru, song og livstolking, og har gjeve stemme til både kvardagsmennesket og dei store spørsmåla i livet.
Les meir







