I fjor hadde vi basar til inntekt for kyrkjelyden vår og vi fekk inn ca 60 000 kroner. Dette skal vi gjenta i år, og det vert basar på Kyrkjetorget 5. februar 2027.
Det er lenge til, men komiteen har starta arbeidet og vi treng gevinstar til loddboka. I Meland er det mange flinke menneske som strikkar, syr, snekrar eller maler. Har du lyst å lage noko til basaren??? Eller har du lyst å kjøpe noko som kan vere gevinst på loddboka?
Ta kontakt med basarkomiteen ved Jonita Næss tlf 99317035 eller kyrkjekontoret ved Anne Sofie Uthaug (sjå nedanfor), viss du har spørsmål til dette eller du planlegg ein gevinst.
