Minikurs om den mest dramatiske boka i Bibelen

Ein drake som vil sluka barnet til ei fødande kvinne. Eit dyr med ti horn. Ein kvitkledd flokk så stor at ingen kan telja han. Englekrig i himmelrommet. Ein sjø av eld og svovel. Ein ny himmel og ei ny jord, der Gud skal tørka kvar tåre. Den siste boka i Bibelen, Johannes Openberring, har både skremt og fascinert lesarar gjennom tidene.

Publisert:

Minikurs om den mest dramatiske boka i Bibelen

Professor Njål Skrunes er ein av dei som har forska på og prøvd å forstå denne boka. Den mangeårige undervisaren ved NLA Høgskolen gav i fjor ut ein bibelkommentar på nesten 700 sider med tittelen Trøst for Guds menighet – Johannes´ åpenbaring.

Litt meir kortfatta blir framstillinga på Frekhaug 30. september, 2. oktober og 3. oktober. Då blir det eit minikurs ved Skrunes om Johannes´ openberring på Kyrkjetorget på Frekhaug senter. Minikurset er ein del av undervisningsopplegget «Kva seier Bibelen?», som tek opp ulike tema, og som er eit samarbeid mellom Frekhaug indremisjon, Norkirken Nordhordland og Meland kyrkjelyd. Samlingane er gratis og opne for alle interesserte. Det er ein god idé, men ikkje eit krav, å ta med seg ein bibel.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"