Fasteaksjonsdagen 21. mars frå 12.30

Scena er di, kafé, sykkelvedlikehald, baklukeloppis og aktivitetar for barna i Frekhaug senter

Publisert:

Fasteaksjonsdagen 21. mars frå 12.30

21. mars kl 12.30-15.00 er Meland kyrkjelyd sin Fasteaksjonsdag til inntekt for Kirkens Nødhjelp. Nytt i år er at det blir Scena er di i regi av Frekhaug Senterforeining. Det blir også baklukeloppis, loddtrekning med fine premiar, bålpanne med pølsesal, aktivitetar for barna og sykkelvedlikehald. Kaféen blir også ute i det fine veret! Alt skjer i området ved utescena i Frekhaug senter.

Baklukeloppis
Har du ting du kan tenkje deg å selje til inntekt for Kirkens Nødhjelp kan du ta dei med til Frekhaug senter denne dagen.Det kan vere brukte ting, eller ting du har laga. Der får du betalingsinformasjon på ein lapp, så kan du selje det du har med. Du vel sjølv pris til varene. NB: Ta berre med heile, reine og brukbare ting, og det du ikkje får selt må du ta med deg igjen etterpå.

Scena er di og loddtrekning
Frå kl 13.00 blir det Scena er di. Ønskjer du å glede andre med song, musikk eller annan scenekunst har du no sjansen! Frekhaug senterforeining er ansvarleg for denne delen av arrangementet, og påmelding må skje på denne lenkja: Klar for scenen seinast 13.mars.

Rundt kl 14.45 blir det loddtrekning med fine premiar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"