Gudsteneste 20.juli kl. 11.00

Vel møtt til gudsteneste i Meland kyrkje!

Gudsteneste 20.juli kl. 11.00

Det vert gudstenester gjennom heile sommaren i Meland kyrkje, og søndag 20. juli er du igjen velkommen til gudsteneste med

  • nattverd
  • fin song og musikk
  • kyrkjekaffi 

Magnus Blom er organist, Solveig Fosse Skeie er forsongar, Eva Kristin Dale Wessman er liturg, Mounir Sarhan er kyrkjetenar og Jonita Næss er leiar for gudstenestelaget. Vi har også med oss to jenter som vil lære oss ein song. 

Lenke til tekstane for dagen finn du nederst. Denne søndagen kallast "Aposteldagen", og vi brukar raud liturgisk farge for å minnast dei som leid martyrdøden. Både dei første trusvitna, og kvart menneske sitt kall frå Gud, er tema for preika.

Det er ikkje Løvegjeng, men Løvehola er open og vi har teiknesaker i kyrkja for dei som ønsker det.

Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet lokalt. Du kan gjerne gje på førehand på Vipps 54 016. 

Vi tar kyrkjekaffi med is ute i sola etter gudstenesta.

VEL MØTT!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"