"Skal vi være venner?"
No er sommarferien over og vi kan treffe igjen gamle venner, og kanskje blir vi kjent med nye også? Løva er tilbake frå ferie, og vi skal feire Løvegjenggudsteneste!
Det blir "Ranselbøn" for barna som startar i 1. klasse - dei er spesielt inviterte til å vere med og bli bedt for. Dei får også ei gåve frå kyrkjelyden.
Bjarte Leithaug blir med og spelar og syng med oss, og vi har med barn som forsongarar og i liturgien. Ottar Mæstad er pianist for dagen, Eva Kristin Dale Wessman er liturg, Junji Furukawa er kyrkjetenar, og kyrkjelydspedagog Anne Marit Fosse Dahle er med i gudstenesta. Leiar for gudstenestelaget er Solveig Westermoen.
Gudstenesta er for og med barn, og då er det ofte ekstra kjekt for dei vaksne også! Etterpå blir det kyrkjekaffi med is og saft.
Takkofferet går til Søndagsskolen Norge. Du kan gjerne gje gåva på førehand på Vipps 54 016.
Vel møtt!
