Laurdag 25.oktober har me besøk av forestillingen "Med mine øyne", med Heidi Halvorsen, som fortel om hennar oppleving av å bli blind i vaksen alder, og kordan ho vert møtt am samfunnet rundt.
Denne tematikken tek me opp att i samtaleform på Tysdagstreff 28.oktober kl 19.00 i Sæbø kyrkje.
Me tar opp tema som:
- Kva gjer me når livet tar nokre vendepunkt me ikkje har sett for oss?
- Kordan er det å vere prest og blind?
- Kva gjer kyrkja i møte med menneske som treng tilrettelegging for inkludering?
Det vert rom for spørsmål og refleksjonar etter panelsamtalen.
Kveldsmat etterpå.
Alle er hjarteleg velkomne!
