Leige av kyrkjene i Alver

Det er høve til å leige soknekyrkjene i Alver til konsertar og andre kulturarrangement. Emigrantkyrkja på Sletta er privateigd, og alle spørsmål angåande den bør rettast til Museumssenteret i Hordaland.

Manger kyrkje. Foto: W.Vogelaar

Leigesatsar for kyrkjene i Alver (nye prisar frå 2024)

  • Konsertar og andre inntektsbringande arrangement
    15% av bruttoinntekta, minimum kr 2.500. I Knarvik kyrkje er minsteprisen kr. 3.650.
    Leiga dekkar utgifter til oppvarming, reingjering m.m.

  • Ikkje-inntektsbringande konsertar/arrangement
    Kr 2.600. Knarvik kyrkje kr. 3.650.

  • Arrangement som har born og unge som målgruppe betalar 15 % av brutto billettinntekter, med ein minstesats på kr. 0,-.

  • Det skal som ein hovudregel vere kyrkjetenar til stades ved alle utlån av kyrkje. Kyrkjetenar vert utfakturert med kr 332 pr time. Viss det ikkje er kyrkjetenar på eit arrangement, må det vere ein person som er brannvernansvarleg.

  • Det skal ikkje betalast leige for gudsteneste eller oppbyggeleg møte.
  • Ved øving i forkant av arrangement skal det som regel ikkje betalast leige for kyrkja, men leigetakar kan verta fakturert for ekstra oppvarming og reingjering ved behov. For øving eller førebuing/rigging dagen før skal ein betale kr. 500 for dag 2.

Ta kontakt med kyrkjekontoret i det aktuelle soknet for å avtale leige av kyrkja:

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"