Personleg invitasjon er send til alle i 5., 6. og 7.klasse på messenger eller e-post. Har ikkje du/ditt barn fått, so ta kontakt med kyrkjeverja på tlf.95862520. Velkomen på leir

Det er ei stor glede å kunne invitere deg og andre 11-13 åringar frå Aurland, til sommarleir på Nesholmen! Leiren er ein del av kyrkja i Aurland si satsing på born og unge.
Me reiser søndag i starten av skuleferien til Nesholmen leirstad ved Storefjorden i Hyen, ca. ein time frå Førde. Der er det KFUK/KFUM som står som arrangørJ Elles vert kyrkjeverje Monica Finden med frå Aurland på denne leiren. Me veit at de får bli kjende med born/ungdomar på same alder som dykk sjølve frå Lærdal og andre stader i Sogn og Fjordane, og KFUK/KFUM har mange kjekke aktivitetar på programmet. Og bading på Nesholmen er eit must, so dette vert kjempegøyJ
Kva skjer desse dagane?
Me håpar sjølvsagt på godt vêr, slik at me kan vera mykje ute. Her ligg det godt til rette
for kano/kajakk-turar på Storefjorden, SUP-brett, masse bading, litt action og ballspel.
Me skal òg ha samlingar, leikar, grilling og mykje meir.
Alle får sove på rom med nokon dei kjenner (skriv inntil 2 namn). Oppfordrar om at elektroniske spel ikkje vert tekne med. Mobiltelefonar vert samla inn, men dei får sjølvsagt ringe heim for å sei godnatt og fortelje om dagen om dei vil. Om føresette treng å få tak i borna på den tida så ring
Monica på tlf. 95862520.
Frist for påmelding er onsdag 15. juni.
Det kan bli fullt på leiren, så her gjeld det å vere fyrst ute!!
Me tek imot påmeldingar fortløpande. Når det er fullt, byrjer me på venteliste.
Ta vare på all leirinfo i dette brevet, for det vert ikkje sendt ut meir info om avreisetid m.m.
Kva kostar turen?
Kyrkja dekker alle utgiftene til transport, deltakaravgift og anna på leiren, men eigenandelen er kr 950,- pr.deltakar. Me har syskenmoderasjon, så for deltakar nr. 2, 3 osb. frå same familie, er prisen kr 700,-. Om nokon har problem med å betale, kan me gi støtte til leirdeltaking. Skriv ein merknad på påmeldingsslippen slik at pengar ikkje vert til hinder for å vere med. Eigenandelen skal betalast til konto 3745.10.37154 seinast 15.06.26. Merk betalinga med sommarleir og namn på barnet. Om born frå andre kommunar vil vere med, so er prisen kr. 1.500.
Ved brot på ordensreglementet vert føresette kontakta og borna kan måtte reise heim på eiga rekning.
Leiarar på turen
Monica Finden (kyrkjeverje i Aurland) vert med, i tillegg til KFUK/KFUM sine eigne vaksenleiarar og ungdomsleiarar frå Førde og Florø. I tillegg vert Karoline Thyri (trusopplærar i Lærdal) med.
Er det nokon foreldre som har lyst til å vere med som frivillege, so ta kontakt, so ordnar me detJ
Har du spørsmål, kan du kontakte meg på telefon eller e-post:
Monica Finden, kyrkjeverje, monica.finden@aurlandkyrkja.no eller på tlf: 95862520
Velkomen på leir😊 Helsing oss i kyrkja i AurlandJ
- påmeldingsslipp - klypp her - påmeldingsslipp - klypp her - påmeldingsslipp - klypp her -
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Eg ynskjer å vere med på sommarleir!
Namn:…………………………………………………………………………………………………………………………………..
Fødselsdato:…………………………………………………………………………………………………………………………...
Adresse:……………………………………………………………………………………………………….……………………….
Telefon / mobil til føresette:…………………………………………………………………………………………………………..
Underskrift av føresette:………………………………………………………………………………………………………………
E-post til føresette: ……………………………………………………………………….
Noko vi bør vera merksame på? Konfidensiell informasjon som berre kyrkjeverja, evt ved behov andre vaksenleiarar på leiren, har tilgang til. Det kan vere sjukdom, allergiar eller sosiale behov som er viktig at me vaksne veit om, for å legge til rette for ein best mogeleg leiroppleving for deltakerane. Ta gjerne kontakt på telefon om det er ting som er greit å snakke om før leiren, og/eller skriv ein merknad her (allergi, sjukdom, sosiale behov eller anna):
…………………………………………………………………………………………………………………………………………
…………………………………………………………………………………………………………………………………………
Vil dele rom med (inntil 2 namn):………………………………………………………………………………………………
|
Bilete og opptak frå sommarleiren kan nyttast |
JA |
|
NEI |
|
... til internt bruk |
|
|
|
|
... til offentleggjering i lokalavis, kyrkja si FB- og nettside o.l. |
|
|
|
|
Namn på deltakeren kan vera med i evt bilettekstar |
|
|
|
Send til: mail monica.finden@aurlandkyrkja.no eller Aurland Kyrkjekontor, Aurland Rådhus,
Vangen 1, 5745 Aurland. De kan óg levere på kyrkjekontoret (3.etg. i bankbygget) eller legge
det i resepsjonen på rådhuset.
