Mesteparten av tida har han budd og arbeidd i Mali, men dei siste åra har han halde til i Guinea og Elfenbeinskysten. Det har etter kvart blitt ein tradisjon at når Frode kjem heim om sommaren deltek han på ein temakveld på kyrkjelydshuset. Det har liksom blitt lagt til eit nytt kapittel i forteljinga år for år slik at ein kan følgje med i arbeidet hans. Og Frode er ein god forteljar.
Han har budd tett på lokalbefolkninga og fått kjennskap til folk og levesett som ikkje er så lett å kome inn på om ein berre har kortare opphald i ein framand kultur. Han har delt mange unike historier om både folk og fe i området. Fehald er faktisk del av prosjekta han jobbar med for å støtte opp om arbeid og utvikling hos dei lokale. Mykje av tida hans går med til å vere støttespelar, samarbeids- og samtalepartner. Relasjonsbyggjar mellom enkeltpersonar eller smågrupper. Han blir kontakta av personar som ønskjer å lære meir om evangeliet.
Eit stort fokus for tida er visjonen om å byggje eit fredssenter for fulaniar, med fokus på fellesskap, der folk frå ulike landområder kan kome og møtast for kortare eller lenger tid. Det skal vere ei open dør der folk kjenner seg velkomne.
Det er alltid kjekt og spennande å lytte til forteljingane til Frode. Tusen takk for at du besøkte oss denne gongen og!

Utover forteljingane frå Vest-Afrika var det tid til kveldsmat og ein prat med naboane rundt borda.
Kvelden vart avslutta med utloddning, og det var mange fine gevinstar som var levert inn. Inntekta frå åresalet, ca kr 7000, vert sendt til NMS som støtte til arbeidet som m.a. Frode deltek i.
Kan informere om at "Kjerringrokkken" er ei gruppe av (godt)vaksne damer som møtest på kyrkjelydshuset ein kveld i månaden. Vi er innmeldt som foreining i NMS. Programmet for samlingane er uformelt, vi ønskjer vere ein sosial møteplass. Samtalane er viktige. Elles kan det verte lese ei forteljing eller kort stykke til ettertanke og samtale. Vi har alltid kveldsmåltid i lag. Dersom fleire har lyst å delta på desse vanlege mandag-samlingane er de hjerteleg velkomne! Ta gjerne kontakt med kyrkjelydskontoret så får du beskjed om når neste samling skal vere. Etter sommaren startar vi opp att 7.sept. klokka 19:00.
