Fellesgudsteneste i Davik kyrkje

Velkommen til fellesgudsteneste i Davik kyrkje søndag 15. mars kl. 12:00

Publisert:

Fellesgudsteneste i Davik kyrkje

Søndag 15. mars er alle i kyrkjelydane i Bremanger invitert til fellesgudsteneste i Davik kyrkje.

Musikkinnslag og barnekorprosjekt

Kantor Brunhilde er ansvarleg for dei musikalske innslaga, og under gudstenesta deltek musikantar frå samarbeidskorpset Smalsarhorn og Davik, Flora-Bremanger Brassband, prosjektbarnekoret frå indre Bremanger og songgruppe med songarar frå heile kommunen. 

Brunhilde har i forkant av gudstenesta eit barnekorprosjekt i Svelgen, Davik og Ålfoten. Born frå 1.-7. klasse er invitert til å bli med på korøvingar og synge under gudstenesta på Davik. 

Kyrkjekaffi

Gudstenesta startar kl. 12:00, men alle som ynskjer det kan møte opp kl. 11:45 for å vere med på ein gjennomgang av songane som skal vere under gudstenesta.

Etter gudstenesta er alle hjarteleg velkomne på kyrkjekaffi.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"