Gravferd

Gjennom gravferda gjer me ære på eit liv som no er enda, og legg den døde i Jesu hender.

Døden kan vere vanskeleg å gripa. Det å mista nokon er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjelpte av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev, og rommet som ligg i dei til å sørgja med andre. Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling.

Det er ein fellesskap som markerer at eit liv er slutt. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore, og for liva som skal levast. I gravferda er det rom for gråt og klage, men òg takk og gode minne. I Fusa sokn kan du gravleggjast frå fem kyrkjer og på ni gravplassar, både i kiste og urne. For kontakt om gravferd eller bisetjing i Fusa, ring telefonnummeret nedst på sida - eller ta kontakt med gravferdsbyrå.

Sitat

I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.

Evangeliet etter Johannes, kapittel 14, vers 2-3