Minnegudsteneste i alle kyrkjene i Gulen

I kyrkjene våre denne helga er det rom for både sorg og ettertanke. Dørene står opne 30 min  før gudstenesta tek til. Den som kjem tidleg, kan finne sin plass i stilla, lytte til roleg musikk, tenne eit lys – eller berre sitje.

Publisert:

Minnegudsteneste i alle kyrkjene i Gulen

Når klokkene kallar inn, samlast vi til ei roleg og enkel gudsteneste. Det er ei stund med salmar, musikk og ord som får synke ned. Under gudstenesta blir namna lese opp – alle som har gått bort det siste året – og vi tenner lys. Etter gudstenesta får alle med seg eit sorglys som ein kan ta med heim.

Allehelgen handlar ikkje berre om sorg, men òg om håp – om at kjærleiken varer, sjølv når livet tek slutt.

Gudstenestene denne dagen

  • Gulen kyrkje kl. 11.00

  • Mjømna kyrkje kl. 16.00

  • Brekke kyrkje kl. 19.00

Salmar til Allehelgensgudstenesta

Inngangssalme:

801 Morning has broken

817 Fager kveldsol smiler

734 Guds kjærleik er

319 Lær meg å kjenne dine veier 

197 Deg være ære

Tekstane denne sundagen er: 

Matteus 5,1–12

Jesaja 49,8–10

Johannes' åpenbaring 7,9–17

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"