Hente engel-samling i Herøy kyrkje tysdag 24.februar kl 1730 og i Indre Herøy kyrkje torsdag 26.februar kl 1730

No har tida kome for å hente dåpsengelen heim, for alle dåpsborna i 2025! Vi håpar at de finn ein god plass i heimen der engelen kan få henge, slik at den i åra som kjem kan minne dykk alle om dåpen!

Publisert:

Hente engel-samling i Herøy kyrkje tysdag 24.februar kl 1730 og i Indre Herøy kyrkje torsdag 26.februar kl 1730

Vi inviterer borna som vart døypte i 2025, til 2 samlingar.

1 samling i Herøy kyrkje tysdag 24.febr kl 1730 for dei som vart døypte i Herøy kyrkje.

1 samling i Indre Herøy kyrkje torsdag 26.febr kl 1730 for dei som var døypte
i Leikanger kyrkje eller i Indre Herøy kyrkje.


I høve dåpen fekk barnet ein dåpsengel som har hengt i kyrkja sidan dåpsdagen og fram til no, 
merka med namnet til dykkar dåpsbarn.

 
Heile tida har dåpsengelen minna alle som er innom kyrkja på kor mange dåpsborn
som har blitt døypte siste året. Dåpsenglane minner også alle i kyrkja om å be for dåpsborna!

Det vert ei kort samling med utdeling av englane,
litt å spise og ein tur inn i kyrkjerommet for å «plaske litt i dåpsvatnet».

For påmelding og spørsmål kan de kontakte:

Kyrkjelydspedagog Lena Kvalsund Myklebust på tlf: 91385435 eller

e-post: lena.kvalsund.myklebust@heroy-kyrkje.no

eller

Kyrkjekontoret på tlf:70080260

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Herøy kyrkje
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

1. september – 31. mai
Måndag stengt
Tysdag kl. 11.00-15.00
Onsdag, torsdag og fredag kl. 9.00-15.00

1. juni – 31. august
Måndag stengt
Tysdag – torsdag kl. 9.00-15.00
Fredag stengt

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Vil du varsle?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"