Vi opnar dørene 16.45 og startar med enkel middag for store og små klokka 17.00. På menyen står pølse i brød og frukt. Etter måltidet skal vi ha ei kort samlingsstund der vi leikar gjømsel, teiknar, høyrer og syng om sau. Kanskje har du allereie høyrt songen:
“bæ, bæ, lillle lam”?
Kl 17.30 blir vi med på ei ShubaDubs-samling, eit familiekor for born i alderen 2,5-6 år med foreldre. Koret møtast annan kvar torsdag i Tunet. Dei syng ein halvtimes tid og avsluttar med kveldsmat. For dei som er med på Krøllesamling, avslutter vi programmet kl 18.00.
Vi håpar at det kjem mange på Krøllesamling! Denne kvelden passar både for dei som har lyst å kome denne eine torsdagen, og for dei som er litt nysgjerrige på Shubadubs.
Faddarar, besteforeldre, tanter, onklar osv. kan vere like gode erstatningar dersom foreldra ikkje har høve til å bli med. Samlinga er gratis.
Påmeldingsfrist er måndag 19. Januar. Påmelding finn du her
Vi legg til rette slik at alle kan delta. Har barnet ditt behov for tilrettelegging, som vi treng å vite om, gje oss beskjed om dette på førehand (til dømes allergiar)
Vi har også andre tilbod for bornet ditt. Les meir på nettsida vår: kyrkja.no/os under fanen “barn og familie”
Helsing os kyrkjelyd
