Kjære 4-åring!
No er det snart 4 år sidan du vart døypt. Vi ynskjer difor å gje deg ei gåve frå kyrkjelyden. Gåva er «Mi kyrkjebok 4». I denne boka får du møte Bo og Nora som skal døype bamsen til Bo. Kom og hent boka di, så får du heile historia og får sjå korleis det endar. Du skal og få eit aktivitetshefte som høyrer til boka. I dette heftet kan du fargelegge og gjere kjekke oppgåver saman med dei heime.
Gåva blir delt ut på ei familiegudsteneste i Nore Neset kyrkje eller i Os kyrkje. Etter gudstenesta blir det kake, saft og kaffi. Ta med deg heile familien og kom!
De kan velje kva for gudsteneste det passar best å få utdelt boka:
- Nore Neset kyrkje, søndag 12. oktober kl. 11.00
- Os kyrkje, søndag 26. oktober kl. 11.00
Om det ikkje passar nokre av desse dagane, er det og mogleg å kome innom kyrkjekontoret å hente boka på kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00 (onsdagar stengd).
Påmelding til Nore Neset kyrkje: HER
Påmelding til Os kyrkje: HER
Påmeldingsfrist Nore Neset kyrkje onsdag 8. oktober
Påmeldingsfrist Os kyrkje onsdag 22. oktober