Dei lokale vedtektene for gravplassane i Bjørnafjorden vart etablert i samband med kommunesamanslåinga i 2020, og skal no reviderast. I samband med dette har administrasjonen i fellesrådet utarbeidd eit forslag som no ligg ute på høyring, der innbyggjarar og andre kan uttale seg om dei retningslinene som er foreslåtte. Høyringsfrist er 15. september 2025. Fellesrådet vil så gjera vedtak om nye vedtekter, som deretter skal godkjennast av Statsforvaltaren.
Gravplassvedtekter på høyring
Lokale vedtekter for gravplassane i Bjørnafjorden er no ute til offentleg høyring, med frist 15. september.

Lokale vedtektar for gravplassane er forskrifter som regulerar drift og bruk av gravplassane i kommunen. Desse vedtektene utfyller gravplasslova og gravplassforskriften, og kan omfatte særreglar om gravlegging, feste av gravar, vedlikehald og gravstell.
Du kan lesa dei reviderte vedtektene og meir om kva endringar som er foreslått på Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd sine sider.
Rammeverket for lokale gravplassvedtekter kan du lesa meir om hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.