Marianne Juvik Sæbø er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium (Griegakademiet) og Royal Academy of Music i London.
Ho er ein aktiv konsertsongar og kombinerer frilansverksemda med undervisning. I tillegg til undervisning på Kongshaug Musikkgymnas driv ho også musikalskulen Musikalhuset på Askøy.
Mariannes repertoar er allsidig og spenner frå salmar og folketonar til kyrkjemusikk, lieder, musikalar og opera.
På konserten i Nore Neset kyrkje 12. august vil ho saman med vår eigen kantor Irina Tarasova framføra vakre klassiske perler av komponistar som Schubert, Strauss, Haydn, Bach m.fl.
Sæbø vil introdusera songane og binda konserten saman med små historier, fakta og anekdotar.
Marianne har medverka under Festspillene i Bergen ved ei rekkje høve og vore solist med orkester, som Bergen Filharmoniske Orkester og Ålesund Symfoniorkester. I 2007 hadde ho premiere på sin eigen sceniske versjon av Garborg/Griegs Haugtussa i ny musikalsk innpakning. Denne framsyninga vart også framført I New York I 2011.
I 2020 hadde ho premiere på konsertframsyninga «Alfr ein nordlyskonsert» på Forum scene i Bergen. Her hadde ho skrive alle tekstane og komponert musikken saman med Jørn Lavoll som arrangerte konserten for kammerorkester, band og mannskor. Denne framsyninga vil ein kunna oppleva i Bergen våren 2026.
Marianne har medverka på rundt tjue cd-er og har gitt ut seks solo cd-er: Maria Magdalena (1997), Norske Romanser (1999), Arv (2001), Ord og Draum (2003), Min tanke går til Betlehem (2005) og Ei ørlita kvile (2016).
Velkomen til Sommarkonsert tysdag 12. august kl. 18:00 i Nore Neset kyrkje!
Billett kan kjøpast i døra. Betaling via Vipps eller kontant. Vaksen kr. 200, student/honnør kr. 100, barn u/16 år gratis.