Sol, samhald og sommarstemning
Dagen starta med ei triveleg vandring gjennom dei frodige områda i Arboretet. Fuglesong sette ramma for ein avslappa og sosial tur, før alle samla seg for ein god lunsj i det grøne.
Midt i alt det sosiale fekk prosten ordet og delte ei sommarandakt til staben. Etter maten var det klart for lagkonkurransar med høg innsats og mykje latter. Både konkurranseinstinkt og samarbeidsevne fekk kome til sin rett – og innsatsen blei belønna med god stemning og premie og applaus til vinnarlaget.
Avslutningsvis delte kyrkjeverje ei somarhelsing og det blei også tid til å feire runde dagar og markere dei som skal slutte – med både takk, gode ord og kanskje ein klump i halsen.
Turen blei ei fin avslutning før sommarferien – full av fellesskap, glede og solfylte minner frå Arboretet.