Full juleglede i kyrkjene – barnehagar og skular på besøk

Desember i kyrkjene i Øygarden har vore prega av liv, latter og juleglede. Barnehagar og skular har tatt turen til sine lokale kyrkjer for adventssamlingar, adventsvandringar og skulegudstenester.

Publisert:

Full juleglede i kyrkjene – barnehagar og skular på besøk

Adventsglede for dei minste

Heile 27 av 33 barnehagar, i tillegg til to familiebarnehagar, har besøkt kyrkjene fordelt i Øygarden kommune. –Det er så kjekt at barnehagane ønskjer å kome til kyrkjene i adventstida, seier Rannveig Vestbøstad Vik, seksjonsleiar for barn og unge.

I Sund og Kausland har krybbevandringane vore eit høgdepunkt. –130 barn og 30 vaksne frå alle barnehagane i Sund deltok. I døra møtte dei keisar Augustus og engelen Gabriel, og saman vandra vi gjennom juleforteljinga. Barna fekk kle seg ut som englar, gjetarar, vismenn og Josef og Maria – og opplevingane levde vidare gjennom song og spel,» fortel Beate Sørhus, kyrkjelydspedagog i Sund sokn.

På Betlehemsmarkene var det bålkos og englesong, og langs vegen viste den store stjerna vegen til stallen i Betlehem. –Vismennene kom med kongegåver, for dei forstod at barnet var ein konge. Og gjennom heile vandringa song vi saman: "Til Betlehem, til Betlehem, der Jesus skal bli født", seier Beate.

Også i Foldnes har adventstida vore innhaldsrik. –Vi hadde seks adventssamlingar med til saman 342 barn frå ti barnehagar, og ei adventsvandring for babysonggruppa med 15 babyar og like mange mødre. Fokus har sjølvsagt vore på juleevangeliet, gjennom song, høyring, lesing og dramatisering. I år fekk snekkaren Josef ekstra merksemd som "statist" i juleforteljinga, fortel kyrkjelydspedagog Elisabeth Møll Jung.

Skuleelevar tok også turen til kyrkja

Skulane rundt i Øygarden har òg teke turen til kyrkjene. Til saman 17 skular, inkludert to ungdomsskular, deltok i 22 skulegudstenester. Éin skole fekk kyrkja på besøk til seg, medan resten kom til si lokale kyrkje, enten til fots eller med buss.

Desember har med andre ord vore ei magisk tid for barn og vaksne, med kyrkjene som møteplass for både fellesskap og juleglede.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"