Den nye nettsida er tilgjengeleg på oygarden.grav.no og er meint å vere ei samla og enkel informasjonsressurs for innbyggjarar og andre som treng praktiske opplysningar knytt til gravferd og gravplassforvaltning.
Nettsida gjev oversikt over dei 15 gravplassane i kommunen, inkludert namn og plassering. Ein finn også informasjon om gravlegging og regelverk, slik som til dømes kva typar gravlegging som er vanlege, praktiske reglar og prisar knytt til festeavgift og gravlegging. Her ligg kontaktinformasjon til fellesrådet, lenker til vedtekter og skjema, samt lenker til relevant regelverk.
Målet med den nye nettsida er å gjere informasjon om gravferd og gravplassforvaltning lett tilgjengeleg for alle, og å bidra til ein trygg og oversiktleg prosess for pårørande og innbyggjarar når dei treng informasjon om dei praktiske sidene ved gravferd. Vi oppfordrar alle til å ta ein kikk på sida, og bruke dei digitale ressursane som no er gjort tilgjengelege.
