Påskeandakt: Den tomme krossen

Når kyrkjeklokkene ringer påskehøgtida inn påskeaftan, vitnar dei om at kyrkjehusa er berarar av historie og kontinuitet i bygdene og byane våre. Til saman dannar dei ei lenke som bind oss til kvarandre. Det er som dei syng oss saman.

Av biskop Ragnhild Jepsen

I vårt bispedøme er vi medvitne om ei tusenårig historie med lag på lag av menneskets tru og tilbeding. Steinane og veggane i kyrkjehusa er levande fordi dei har teke imot smerte og liding, glede, kjærleik og sorg frå dei som har vore her før oss. Dei speglar gudslengt og gudsnærvær.

Det paradoksale er at dei også gjev rom for å synleggjere gudsfråvær.

Det sterkaste symbolet i kyrkjerommet vil alltid vere krossen. Symbolinnhaldet i krossen er fleirtydig. Den er eit dødsinstrument. Den er teiknet på oppstoda, og den er uttrykk for sameininga mellom Gud og menneske i Jesus Kristus. Krossen, slik vi kjenner den, vil alltid vere knytt saman med påskens bodskap: Jesu lidingssoge, hans død og oppstode.

I påskeforteljinga sine dramatiske døgn er det også ei tid då verda ikkje har nokon Gud. Frelsaren er i denne timen død. I kyrkjekunsten kjem det til uttrykk i motivet som skildrar korleis Jesu døde kropp vert teken ned frå krossen. Eit likklede vert strekt mellom krossarmane. Mannen som sa at han var Gud, viser seg å vere av kjøt og blod som resten av oss. Og sjølv om vi som ser motivet også veit at berre om nokre få dagar, på påskemorgon, skal kristne over heile verda jublande synge «Kristus er oppstaden», er det som om vi enno ei tid må leve med eit opent spørsmål utan eit sjølvsagt svar. – Kva vil skje med oss? Kan verkeleg livet sigre over døden?

Verdas angst og menneskets oppleving av det meiningslause, av gudsfråværet, må også ha sin stad. For viss vi ikkje torer å setje ord på at det er slik, kan vi heller ikkje tale truverdig om at Gud som lir og døyr langfredag, også deler alle menneskes langfredagar. Og at oppstoda si glede og livskraft ein dag skal bli alle menneskes glede og livskraft.

Vi treng bodskapen om håpet og om den tomme grava. Vi treng det i vår del av verda, vi treng det over heile verda. Vi treng det no! For verda er råka av krefter som vil vondt. Det er vanskeleg å ta inn over seg den mengda av frykt og død vi ser omkring oss, nær oss og langt borte. Framfor denne påskehøgtida kjenner vi det igjen, og vi må ta det inn over oss.

I påsken feirer vi at lyset vinn over mørket. Og at vi skal få leve i det lyset. Det er ikkje lovnad om eit liv der alt er godt og smerte ikkje skal vere. Livet har lært oss at dagane kan vere mørke og sorga kjennes som ei klo i bringa som aldri slepp taket.

Men dei kreftene Jesus tek oppgjer med i gravkammerets rom, dei skal ikkje ta overhand. Dei skal ikkje sigre.

For Livet og Håpet er sterkare!

Døden må vike for Gudsrikets krefter!
Livet er gjemt i et jordekket frø.
Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve.
Se, i oppstandelsens lys skal vi dø.

(Svein Ellingsen, Norsk salmebok nr 209)

 

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, onsdag og fredag
kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"