I kva kyrkje blir konfirmantane som regel konfirmerte i?
I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag. Påmeldinga til konfirmantåret startar i mai året før konfirmasjonsdatoen.
Kva sokn høyrer eg til?
Soknegrensene mellom Fjell og Landro sokn går midt i Knappskog skulekrins. Dei som bur nord for Spjeldsundet soknar til Landro kyrkje. Resten av Knappskog soknar til Fjell kyrkje.
Ungdommar frå Tellnes krins som går på Sund ungdomsskule går til konfirmantførebuing saman med konfirmantane i Sund. Dei er likevel sjølvsagt velkomne til å ha konfirmasjonsgudstenesta i Fjell kyrkje om dei ynskjer det.
Ungdommar frå Litlesotra og Bjorøy høyrer til Foldnes kyrkje.
Kva blir klokkeslettet?
Det vil bli to eller tre konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane.
Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er. Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.
2026
Fjell kyrkje
- 25. april: Kolltveit og Knappskog krins
- 26. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins (Tellnes krins: Tellnes, Haganes, Dala, Trengereid og Kallestad)
Foldnes kyrkje
- 1. mai: Brattholmen krins
- 2. mai: Hjelteryggen og Bjorøy krins
- 3. mai: Foldnes krins
Landro kyrkje
- 9. mai: Landro og Misje krins
- 10. mai: Ågotnes og Spjeld krins
2027
Fjell kyrkje
- 1. mai: Kolltveit og Knappskog krins
- 2. mai: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins
Foldnes kyrkje
- 8. mai: Brattholmen og Bjorøy krins
- 9. mai: Hjelteryggen og Foldnes krins
Landro kyrkje
- 15. mai: Landro og Misje krins
- 16. mai: Ågotnes og Spjeld krins
2028
Fjell kyrkje
- 29. april: Kolltveit og Knappskog krins
- 30. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins
Foldnes kyrkje
- 6. mai: Brattholmen og Bjorøy krins
- 7. mai: Hjelteryggen og Foldnes krins
Landro kyrkje
- 13. mai: Landro og Misje krins
- 14. mai: Ågotnes og Spjeld krins
2029
Fjell kyrkje
- 28. april: Kolltveit og Knappskog krins
- 29. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins
Foldnes kyrkje
- 10. mai: Brattholmen krins
- 12. mai: Hjelteryggen og Bjorøy krins
- 13. mai: Foldnes krins
Landro kyrkje
- 5. mai: Landro og Misje krins
- 6. mai: Ågotnes og Spjeld krins