Gudstenester

Gudstenesta er kyrkjelyden si storsamling. Gud møter oss, vi møter Gud og vi møter kvarandre.

Konfirmantane skal delta på minimum åtte gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i mai. På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit gudstenesteark, for å registrere frammøte. Dette arket skal leverast til presten eller kyrkjevertane når gudstenesta er slutt.

Oversikt over alle gudstenestene i Fjell, Foldnes og Landro finn de i gudstenestelista. Hugs at ikkje alle gudstenester startar kl. 11.00.

Viss konfirmantane går på gudsteneste andre stadar enn Fjell, Foldnes og Landro kyrkje, må dei få underskrift på at dei har vore til stades, og levere denne til konfirmantlærar.

I løpet av året vil det bli arrangert fleire "Ung Messe" i kyrkjene. Dette er gudstenester spesielt tilpassa ungdom, og vi vil anbefale desse for konfirmantane. Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene.