Det vart eit døgn med både utfordringar og gode opplevingar. Ungdomane fekk prøve seg på luftgeværskyting, samarbeide om puslespel og delta i ulike konkurransar. Innimellom aktivitetane var det rom for latter, song og nye venskap.
Leiren gav konfirmantane høve til å bli betre kjende med kvarandre og byggje eit godt fellesskap før konfirmanttida held fram.
Ein stor takk til dei frivillige leiarane og dei føresette som bidrog til å gjere leiren så vellukka!










