Kvelden starta med eigendikta song til frivilligheita og Foldnes kyrkje, etterfylgd av leik og mat. Maten var som tidlegare år frå misjonslandet vårt Thailand og kakebordet bogna. Rundt borda gjekk praten lett, og den gode stemninga spreidde seg raskt i rommet.
Høgdepunktet for mange var festtalen ved biskop Ragnhild Jepsen, som delte personlege minne frå si eiga oppvekst og korleis frivillige i kyrkja hadde vore avgjerande for fellesskapet ho sjølv vaks opp i. Ho løfta fram kor viktig frivilligheita er – både for kyrkja si verksemd og for menneska som får kjenne på fellesskap og tilhøyrsle gjennom tenesta si.




Programmet elles inneheldt både leikar, quiz, song og underhaldning. Aktivitetane skapte engasjement og bidrog til ei triveleg og humørfylt ramme rundt samlinga.
Avslutningsvis samla alle seg i kyrkjerommet til ein felles, stille og vakker avslutning med oppbygging og utsending. Det blei ein fin påminning om kvifor vi gjer det vi gjer. «Vi elskar fordi han elska oss først» (1.joh 4,19). Dette sette ei verdig og ettertenksam ramme for kvelden.
Sokneteamet rettar ei oppriktig takk til alle frivillige for den innsatsen dei legg ned gjennom året.
