Saman om å gjere godt

I veke 21 vart Godheitsaksjonen arrangert for ellevte år på rad – og både bilar og hus har blitt vaska, hekkar har blitt klipte, terrassar har fått seg ein omgang med vask, blomsterbed har blitt luka, boss har blitt køyrt bort, og bollar har blitt delte ut.

Publisert:

Saman om å gjere godt

I Foldnes var det rekordmange deltakarar i år, noko som gjorde det ekstra kjekt.

Det blei mellom anna bakt bollar i tre ulike sortar, og desse blei pakka i brune papirposar saman med ei helsing frå Foldnes kyrkje. Posane blei delte ut til folk som vi ønskte skulle få ei lita overrasking – ei vennleg helsing midt i kvardagen.

Et bord med brune papirposer, et lys og to enkle blomsterbuketter. En hilsen på en hvit lapp utenpå posene: "Små ting gjort i kjærleik kan forandre verda.

Vi håpar det har vore ei god oppleving for alle som var med. Hugs: «Små ting gjort i kjærleik kan forandre verda.» Og no er verda, for nokon, blitt ein liten tanke betre enn ho var. La oss halde fram med å leve ut godheita!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"