Gudstenesta vart ein fest i seg sjølv, med friske salmar, ei livsnær preike, nattverd, og utdeling av kursbevis og forbøn for ungdommar som har fullført LED eller skal flyttae vekk til hausten.
Gospelkoret Lokal Vokal bidrog med fleire høgdepunkt frå konserten sin tidlegare i juni, og avslutta gudstenesta med eit særs fengande postludium: den gamle gospelklassikaren frå 70-talet «Put Your Hand in the Hand of the Man».
Etter gudstenesta vart det også halde ei avtakking for fire medarbeidarar som no avsluttar tenesta si i kyrkjelyden: ungdomsarbeidar Dan Yun Aarstad, dirigent for gospelkoret Lene Innerdal, kyrkjelydspedagog Beate Sørhus og helgekyrkjetenar Marte Pernille Tveten. Med stor takksemd og varme ord vart dei takka for innsatsen og engasjementet i kyrkja.