Konfirmasjon

Sund sokn

I Sund sokn vel dei aller fleste kyrkjeleg konfirmasjon.

Konfirmasjon er ein gamal tradisjon. I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling som stadfestar løftene Gud gav då du vart døypt. I konfirmasjonstida lærer du kva kristen tru har med ditt liv å gjere.

Konfirmasjonstida er ei spanande tid. Det gir moglegheit til å finne ut meir om den kristne trua, få svar på spørsmål, til å ha det kjekt saman og kanskje bli litt utfordra? Konfirmantopplegget i Sund sokn består av undervisning, gudstenester, og eit engasjement i kyrkjelyden du velje å delta på.

Her kan du velje mellom deltagelse og medvirkning i betweensklubb,ungdomsklubb, betweenskor, strikkekaffe, prosjektgruppen (f.eks. prosjekt krubbespel, prosjekt påskevandring, …), og Myldredag. Eller du blir en aktiv reporter til sokn bladet, hjelper Kyrkjetenaren, eller kafévert. Du kommer å finne den rette aktivitet, som vil glede deg og kyrkjelyden. 

I tillegg reiser vi sjølvsagt på konfirmantleir på Fjell-ly.

For informasjon om konfirmantopplegg, tidspunkt for konfirmasjon med meir kan du kontakta kyrkjelydspedagog Katrin Fischer på mobil 40304255, eller kyrkjekontoret på telefon 400 03 316 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no 

Alle som vil konfirmere seg i kyrkja i Sund sokn, må melde seg på via elektronisk skjema.