Vi koste oss med julegraut og god prat, og spenninga var stor før den som fekk mandelen røpte det. Premien var kakemenn som nokon meinte var fine å dela sidan det var tre menn i pakken.
Aktivitetane i dag var englar i ulike variantar og Jesusbarnet som “Jula i eit nøtteskal.” Konfirmantane tok hand om limpistolene sånn at ingen barn skulle brenna seg. Gleda og iveren var stor for å laga fin julepynt, og når me skulle ha bibelforteljing var det ikkje lett å få alle til å avslutta. Nokon vaksne var ekstra ivrige og kom snikande til samlinga når vi var i gang der. Når vi hadde bede opningsbønna og tent tre lys, for Gud - Far vår, Jesus - Guds son og den Hellige ånd, så var vi klare for ei annleis formidling av julebodskapen.





Beate, kyrkjelydspedagogen vår, tok oss med opp på loftet der ho har innreidd eit flott rom til Gudsrikeleiken. Ho fortalde om den Heilage familie som mange har framme no i juletida. Sjølv med ny rekord på forteljingsrommet der fleire sat oppå kvarandre, trollbatt forteljinga alle. Ei magisk adventsstund. Alle Gudsrikeleikenfortellinger blir avslutta med ei lita feiring som i dag var peparkake. På vegen ut fekk dei med seg eit nytt “Barnas” blad. Det er ein far som alltid gler seg til det kjem nytt blad fordi han liker vitsane på baksida så godt.
God jul!
