Visste du at nokre gåver er så store at me ikkje kan sjå dei? At dei rett og slett er vanskelege å få auge på? Stjernekoret song om det: «Kven har skapt alle blomane, fuglane, stjernene?»
På hausttakkefesten takkar vi for alt det Gud har skapt, som vi har fått. Og på vandringa i gudstenesta fekk vi ein sjanse til å uttrykke det på mange ulike måtar: teikne, skrive, brette papirfly, hoppe paradis og smake på litt av det gode skaparverket.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, med masse herlege bollar og kaker, og utlodding av fleire fruktkorger.
