Temaet for samlinga var “Overraskande gåve.” Det handla om både Elia og ramnane og enkja i Sarepta. Ein av aktivitetane var å laga ravnevinger tilknytt temaet. Ein annan var å fargeleggja flagget til Ecuador, landet der Sund sokn har misjonsprosjektet sitt. Ungdommane hadde sin eigen aktivitet med “Face the cookie.” Det var ei stor utfordring å få kjeksen frå panna og inn i munnen berre ved hjelp av «grimasar.» Ein av konfirmantane vann med stil. På dei ulike aktivitetane var alle med på å «gjere» bibelforteljinga saman.
Under bibelforteljinga kom dei fire konfirmantane inn med ørnevingar, delte ut bollar og seks snakkeboble-ballongar det det stod «Eg – gir – deg – det – du – treng.» Gud vil gi oss gode og overraskande gåver.





