LysVåken med overnatting i kyrkja!

Dei siste dagane i november var det liv og røre i heile Sund kyrkje! Då var 7. klassingane på LysVåken med kyrkjeovernatting, og fleire av årets konfirmantar var med som hjelpeleiarar.

Publisert:

LysVåken med overnatting i kyrkja!

Når du er nesten eit døgn i kyrkja rekk du masse! Sporløp, taco, gudstenesteøving, grilling av marshmallows, lære om misjonsprosjektet i Ecuador, song, drama, bordtennis og mykje meir. Vi rakk til og med å sove!

På LysVåken har vi som tema å vere lys vakne – for kvarandre og for verda. For kva betyr det å vere lys vaken? Og korleis kan vi spreie lys til andre vi møter på vår veg?

Vi fekk òg besøk av Paulus – han hadde med seg eit eige brev til LysVåken i Sund. Lurar du på kva som stod i det brevet? Då kan du ta ein kikk i Bibelen din, for Paulus skreiv det same i brevet til Romarane, i siste del av kapittel 14.

Søndag morgon var det herleg nybakt brød til frukost, før vi gjorde oss klare til gudstenesta. Og her var LysVåken-deltakarane med på det meste! Kor og forsongarar, drama av preiketeksten, lese bøner og tenne lys. Vi var med i alle delane av gudstenesta.

I tillegg var 10-åringane inviterte denne søndagen til å få teikneseriebibel, og Tofterøy-speidarane deltok òg. (Sjølv om mange av speidarane hadde LysVåken-t-skjorte i staden for speidarskjorte.)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"