Eit kunstverk får ny plass: veven i Kausland kyrkja er flytta

Veven i Kausland kyrkje er flytta frå sin opphavlege plass. Der den tidlegare hang, var den vorten meir og meir usynleg. Konkurransen med både lerret og høgtalarar, som truleg har kome til etter at veven vart hengt opp, gjorde sitt til at dette vakre kunstverket forsvann i rommet.

Publisert:

På ei kvit vegg i øvre halvdel av langveggen i kyrkja heng eit veva bilete med grønne og blå fargar

Veven er laga av Johannes Færø, ein framifrå kunstnar som budde og arbeidde på Steinsland. Færø har også vevd alterduken i kyrkja, og har sett varige spor etter seg i både lokale og nasjonale rom.

Et vevet bilde henger på en hvit vegg. Det illustrerer en eng i blå og grønne farger, mennesker og esel

Ein av dei mest kjende arbeidane hans er stoltrekka i Oslo Rådhus. Dei blå stolane som blant anna vert brukte under Nobels fredsprisutdeling, og som fleire verdsleiande fredsprisvinnarar har sete på.

Flyttinga av veven handlar ikkje berre om estetikk eller synleggjering. Det handlar òg om respekt for eit kunstverk, for eit livsverk, og for ei historie som fortener å bli løfta fram og ikkje gjøymd bort.

I 1970 lagde NRK en episode der Færø forteller om livet som vever: "Jeg - en damaskvever" kan du sjå på nettsida til NRK.

Oversiktsbilde inni ei kyrkje fram mot altaret

Tidlegare hang veven til venstre i kyrkja, bak flygel og høgtalarar

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"