I Øygarden kyrkjelege fellesråd arbeider vi etter visjonen «Nær Gud, nær menneske», og no ønskjer vi å få med oss ein ny helgekyrkjetenarar på laget.
Arbeidsstad
Stillinga er i hovudsak knytt Kausland kyrkje, men det må påreknast arbeid i andre kyrkjer i fellesrådsområdet ved behov.
Om stillinga
Stillingsstorleik: Om lag 4 timar annakvar helg.
Du kan òg bli spurt om:
- å vere kyrkjetenar på konsertar utanom helg
- å vere vikar i andre kyrkjer dei helgene du ikkje jobbar i Kausland
Dette skjer etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Vere vertskap og ta imot besøkande
- Legge praktisk til rette før og under gudstenester, bryllaup og andre arrangement
- Ringe med kyrkjeklokkene
- Styre lyd under arrangement
- Rydde i kyrkja etter arrangement
Kvalifikasjonar
- Kan jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Har god ordenssans
- Kommuniserer tydeleg og trygt
- Er fleksibel og serviceinnstilt
Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
Søknad kan sendast på e-post til md825@kyrkja.no
Søknadsfrist: 07.01.26
Har du spørsmål?
Ta kontakt med:
• Personalleiar Mathilde, tlf. 902 72 703
• Kyrkjeverje Annlaug, tlf. 473 04 530
