T8 - "Bøn"

Laurdag 18. februar kl 13-17 blir det ein kjempekjekk T8-dag i Foldnes kyrkje for deg som er fødd i 2015. Ta gjerne med deg heile familien! Vi skal vandre mellom ulike stasjonar og gjere mykje kjekt saman. I løpet av vandringa får de samle saman masse idear og fine ting som de kan bruke vidare saman heime.

En gutt står ved lysgloben i Foldnes kyrkje og tenner et lys

Tema for vandringa er «Lat oss be».

Dei ulike stasjonane handlar difor alle om bøn, men på veldig ulike måtar. Visste du til dømes at vi kan blåse såpeboblar opp til Gud? Eller at vi kan bake bønekringler? Eller har du nokon gong trilla terning for å finne ut kva bordbøn vi skal syngje? Alt dette, og mykje meir, skal de få lære meir om på T8-dagen, og etterpå får de med dykk eit fint «bønenettt» med masse idear oppi.

Ta gjerne med ein kosebamse heimefrå, slik at også han eller ho kan få vere med på den fine vandringa.

Program for dagen:

  • 13.00: Registrering
  • Svisj
  • Formingsoppgåve
  • Vandring i kyrkjerommet med heile familien
  • 15.30: Varmt måltid
  • Formingsoppgåve
  • 16.30: Avslutning i kyrkjerommet

 

Velkommen til 8-åringen og heile familien!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"