1034 – Livet etter døden er ein sterk, personleg og fagleg relevant dokumentarfilm om sorg, traume, skuld, meining og psykisk helse. Filmen er basert på sjukepleier Anitra Kringstad si historie etter tapet av hennar tre år gamle sønn, og gir eit sjeldant ærleg innblikk i menneskelege reaksjonar på plutseleg og meiningsbrytande tap.
Fortelljinga røyrer ved universelle eksistensielle spørsmål som møter både helsepersonell, sjelesørgarar, prestar, diakonar, lærarar og studentar: Korleis leve videre etter det utenkjelege? Korleis romme sorg, skuld og håp samstundes? Og korleis kan vi være til stades for menneske i djup krise – uten å skulle «løyse» det som ikkje kan løysast?
Som sjukepleiar formidlar Anitra også eit tydeleg fagleg og etisk perspektiv på omsorg og trøyst, forankra i verdiar som delast på tvers av profesjoner: «Av og til helbrede, ofte lindre, men alltid trøyste.»
Filmens regissør, Werner Anderson, har lang erfaring med dokumentasjon av menneske i krise gjennom arbeid for Røde Kors og Norsk Folkehjelp i konfliktområder, og har tidlegare mottatt støtte fra Fritt Ord. Hans bakgrunn gir filmen eit sterkt menneskeleg og refleksivt uttrykk, der individuelle erfaringar settast i samanheng med større spørsmål om tap, tru, skuld, meistring, verdighet og håp.
...
"For meg handlar filmen 1034 om den verste dagen i livet mitt. Men han handlar òg om eit sterkt vennskap, håp, tru, nåde og motet til å ta livet i famn på nytt. Filmskaparen Werner Anderson utfordra meg til å gå inn i dette mørkret i arbeidet med filmen. Eg måtte leva gjennom denne dagen, denne tida, på nytt og setja ord på det. Men denne gongen hadde det ein terapeutisk verknad. Vi arbeidde med prosjektet i åtte år. I byrjinga fortalde eg historia mi, og Werner lytta. Om og om att dei same historiene. Dialogen mellom oss har alltid vore open og bygd på tillit; eg veit at han vil meg vel. Difor kunne han etter kvart byrja å pirka, gå djupare inn i historia og lyfta på dei tyngste steinane.
Lenger inn i mørkret snakka vi om skuld og hat, skuld og den uuthaldelege smerta. Så skreiv eg alt ned. I kronologisk rekkjefølgje skildrar eg DEN dagen. Vêret, kleda, leiken, andletsuttrykka, rørslene, maten – alt. Ikkje for å gløyma, men for å vera sikker på å hugsa. Å missa eit barn er det verste ei mor kan oppleva. Ein ven sa ein gong at all sorg har eit visst tal tårer som må gråtast. Eg kjem truleg aldri til å gå tom for tårer, men for meg har det vore viktig å kunna fortelja om denne definerande opplevinga om og om att. Slik har eg måtta arbeida meg gjennom sorga og tapet av ein son. Og òg denne dagen, 4.4.2005, vil vera ein del av historia mi. Hendinga har merkt meg for livet."
Dette er òg ein film om eit sterkt vennskap. Filmen vår formidlar håp og understrekar kor viktig det er å bli sett og forstått. Han peikar på det samfunnsansvaret som kviler på oss alle når livet krev det mest nådelause. Gjenkjenneleg for mange, lærerik, tankevekkjande og rett på sak – slik lydde noko av tilbakemeldingane eg fekk då filmen vart vist for eit utvalt publikum då den vart vist på Odeon sommaren i 2022. Dette er ein viktig film fordi han er beint fram og uutsmykka i framstillinga si.
Anitra Kringstad – Erlend’s mother
Filmvisning og foredrag med fotograf Werner Anderson og Anitra Kringstad onsdag 18.03 kl. 19.00 i Indre Sula kyrkje.
Les meir om saka i lenka under:
