Gi ei gåve til kyrkjelydsarbeidet i Sula sokn

Vi får til mykje når vi løftar saman.

Foto: Øyvind Kåre Sunde, Toril Solevåg, Bo Mathisen, Unsplash.com
Foto: Øyvind Kåre Sunde, Toril Solevåg, Bo Mathisen, Unsplash.com

Vi samlar inn pengar på gudstenestene som går til kyrkjelydsarbeidet og vidare til Kirkens Nødhjelp, misjon og andre kristne organisasjonar.

Vi har fast givarteneste, som saman med sporadiske gåver gir oss moglegheit til å drive arbeidet vårt. Ei fast givartenesta gjer inntektene føreseielege. I tillegg blir gåvene registrert og gir rett til skattefrådrag.

Dette gjer vi fordi vi ønsker å gjere meir og nå lenger enn kva det offentlege bidraget til kyrkja gir oss moglegheit til. Ønsker du å bli ein del av dette viktige arbeidet kan du registrere deg her, eller ta kontakt med kyrkjeverje Jan Erik Hovland, tlf. 90502658.

Trykk her for å bli fastgivar

Skattefrådrag:

For dykk som allereie er faste givarar er det nå mogleg å logge inn på "Min side" for å sjå og endre på givaravtalen. Alle som gir ei gåve til Den Norske kyrkja - Sula sokn mellom kr 500 - 50.000 (samla årleg beløp) har mulighet til å få 22 % skattefrådrag for dette. Vi treng ditt personnr. for å kunne sende gåvesummen inn til skatteetaten. Det kan du legge inn i Min side på vårt givarsystem Solidus CRM. Alle innkomne gåver via Vipps eller bank blir registrert her. Trykk her for å logge inn på "Min side".

Kontonummer for gåver: 4214.41.82213
Det er også mogleg å vippse på 137574.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"