Samling og utdeling av bok til 4-årskullet

I slutten av oktober/starten av november er det 4-årskullet som er i fokus i Sula kyrkjelyd. Då inviterer vi både til opplevingssamling og gudsteneste med utdeling av 4-årsbok.

Publisert:

Samling og utdeling av bok til 4-årskullet

4-årsboka er eit av dei store høgdepunkta i kyrkjelyden i løpet av året. På to opplevingssamlingar og 2 gudstenester blir kyrkjene fyllt av forventningsfulle 4-åringar som får utforske kyrkjerommet, høyre om den gode venen, ete i lag, og ikkje minst få 4-årsboka i gåve frå kyrkjelyden.

I Langevåg kyrkje er det opplevingssamling tirsdag 21.oktober og utdelingsgudsteneste søndag 26.oktober, og i Indre Sula kyrkje er det opplevingssamling torsdag 30.oktober og utdelingsgudsteneste søndag 2.november. (det er sjølvsagt mulig å kome på samling i ei kyrkje og gudsteneste i den andre, viss det passar best).

Alle som fyller 4 år i 2025 og som er medlemmar i Den norske kyrkje har fått invitasjon i posten. Viss de ikkje har fått invitasjon er de likevel hjarteleg velkomen både til samling og gudsteneste. Ein kopi av invitasjonen ligg under.

Påmeldingsskjema for opplevingssamling i Langvåg kyrkje finn de her, og for opplevingssamling i Indre Sula kyrkje her.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"