Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, som ligg i tettstaden Langevåg og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser.
Arbeidsoppgaver
- Vedlikehaldsarbeid og praktiske oppgåver i Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje
 - Reinhald i begge kyrkjene
 - Medverknad i kyrkjelege handlingar som gudstenester, vigslar og gravferder
 - Vaktmeistarfunksjonar ved andre tilstellingar i kyrkjene
 - Brannvernansvarlig i kyrkjene
 - Føring i Famac datasystem for byggforvaltning, drift og vedlikehald av kyrkjene, herunder avvikshåndtering og rutiner for internkontroll m.m
 - Søkjar må rekne med ein del arbeid i helgane og noko kveldstid
 
Vi søkjer etter ein person med
- Relevant kompetanse eller yrkeserfaring
 - Evne til å ta initiativ og jobbe strukturert og sjølvstendig
 - Evne til å kommunisere godt med brukarar av kyrkjene
 - Gode samarbeidsevner
 - God IT-kompetanse
 - Anlegg for praktisk arbeid
 - Personleg eignaheit blir vektlagd
 
Vilkår
- Medlemskap i Den Norske Kyrkja
 - Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverk
 - Medlemskap i KLP
 - Førarkort klasse B og disponere eigen bil
 - Den som vert tilsett må legge fram politiattest
 - Må beherske norsk skriftleg og muntleg
 
Vi tilbyr
- Tverrfaglig arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandling
 - Varierte arbeidsoppgåver
 - Løn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkja
 - Moglegheit for kompetanseheving gjennom Kirketjenerskolen, evt. andre kurs/seminar
 
Søknadsfrist: 21. april 2024.
Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula 
Søknad med CV vert å sende pr. e-post til: post@kyrkja.sula.no
Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert krevd framlagt politiattest ved tilsetting.
                    