I samband med den tragiske trafikkulykka på tirsdag, der ein av innbyggarane på Sula omkom, er det opa kyrkje i Langevåg torsdag 24.04 kl. 18-20. Kom for å sitte stille, tenne eit lys, eller for å prate med ein du kjenner - eller nokon av oss som jobbar i kyrkja.
Kyrkja vil vere open for alle som ønskjer eit stille rom for bønn, ettertanke eller fellesskap i sorga etter den tragiske hendinga.
Velkomen inn for å tenne eit lys, minnast og finne trøyst.
Og ta gjerne kontakt med oss om du treng nokon å prate med.