Kyrkjelydstur frå Jølster til Vik i Sogn

22. august 2026 Fengsel, gamalost, stavkyrkje, steinkyrkje, Fritjof den frøkne, Ottar Vik.  I år går den årlege kyrkjelydsturen frå Jølster til Vik i Sogn. Om vi ikkje får oppleve alt som Vik er kjent for, skal vi i alle fall få med oss besøk i to av dei eldste kyrkjene i landet, Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. Stavkyrkja er bygd kring 1130 og steinkyrkja kring 1170. Geir Sørebø vert med. Han er godt kjend i Vik frå han også der har vore vikarprest. Vi planlegg ei kort gudsteneste i Hove steinkyrkje. 

Publisert:

Vi tek vegen over Gaularfjellet og får med oss utsiktsplassen der. Vidare til den 22 meter høge statua Fritjof den Frøkne, på Vangsnes. I Vik er vi innom Gammalost Ostebaren. Om du har ei ledig skive i nisteboksen, vert det høve til å legge på herleg «nylaga» gammalost frå vedas einaste gammalostysteri! Kanskje får vi til eit møte med Ottar Vik og.. «For da står i statesikkjen å då må da vera sant..» 
        

Bussavgang frå Firda Billag sin parkeringsplass på Skei  
laurdag 22.august   kl. 07.30 
Påmelding til: 
Kyrkjekontoret, tlf 57828180  e-post:  post.jolster@kyrkja.no 
og/eller
Astrid Feldt, tlf. 41684368 e-post, astridaafeldt@gmail.com 
 
Påmeldingsfrist 19.august

For turkomiteen: Steinar Dvergsdal 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"