KELTISK SALMEKVELD I VAKSDAL KYRKJE: Torsdag 19. mars kl 19.
Kristentrua kom til våre kantar vestfrå. Då vikingane kom til dei britiske øyane møtte dei ein mange hundreår gamal kristen tradisjon i tru og liv, som seinare har vorte kalla keltisk. På nokre av forfedrane våre gjorde dette så sterkt inntrykk at dei tok den nye trua med seg tilbake til Noreg. Slik fekk etter kvart også me del i denne keltiske kristenarven.
Dei seinare åra har me vorte meir medvitne om dette, særleg gjennom den keltiske songtradisjonen, som har fått ei oppbløming hos oss. Tenk berre på kor kjend og kjær salmen «Deg å få skode» er blitt, trass i at me fekk han på norsk fyrst i 1978. Men dette er ikkje den einaste salmen frå denne tradisjonen som no har fått plass i salmeboka. Sams for dei er at dei gjerne bygg på folketonar. Slik er dei svært melodiøse, iøyrefallande og lette å synge.
Dette vil me vonleg få oppleve når me samlast til Keltisk salmekveld i Vaksdal kyrkje torsdag 19. mars kl 19. Her vil kantor Ruben Gjertsen leie oss musikalsk. Vikarprest Roar Strømme vil kåsere om den keltiske tradisjonen og det særpreget som den har både i form og innhald. Me får også høyre korleis denne tradisjonen fekk eit særleg fotfeste på våre kantar gjennom Lyse kloster. Kvelden vert avslutta med kveldsbøn etter keltisk tradisjon. Velkomen!
