Kyrkjemusikk

Musikken er ein viktig del av det som skjer i kyrkja. Kva hadde vel ei gudsteneste, gravferd eller ein vigsel vore uten musikalsk følge?

Musikken er ein del av heilheita, han underbyggjer og byggjer opp, han kan uttrykkje noko ein ikkje kan få sagt med ord, han kan trøyste, gjere glad, få ein til å slappe av eller ville danse. Musikk er rett og slett ein viktig del av både sorg, kvardag og fest.

Ein kantor er ein kyrkjemusikar med minimum fire års høgskuleutdanning. Kyrkjemusikaren er kyrkja sin kunst- og kulturarbeidar, og leier kyrkja si musikalske verksemd. Ho eller han planlegg og gjennomfører det musikalske innhaldet under gudstenester, vigsler, gravferder og andre kyrkjelege arrangement.

Vår kantor heiter Brunhilde Engelhardt.

Brunhilde er utdanna kyrkjemusikar frå Tyskland og seinare tok ho mastergrad i orgel frå Mills College i California, USA. Ho har jobba som kantor bl.a. ved lutherske, anglikanske og baptistiske kyrkjer i Tyskland og både på Vest- og Austkysten av USA, der ho dirigerte ulike kor samt messing-, stryke-, handklokke-, Orff instrument og andre instrumentalensemble. I tillegg framførte ho regelmessig kyrkjemusikk av ulike sjangrar og frå ulike tradisjonar saman med kor, orkester og  solistar i gudsteneste og konsert.

Brunhilde samla ein fargerik bukett av musikalske «blomar» og høgdepunkt på dei ulike stadane. I San Francisco samarbeidde ho med profesjonelle dansarar for å tolke Bachkantata «Folkefrelsar, til oss kom» med moderne dans og var med på musikkteaterprosjektet om tuberkulose, «Phrenic Crush».  Ho tenkjer gjerne tilbake til studietida ved Mills College: medan ho dreiv med intense musikkstudiar var ho også lærer både ved musikk- og språklina ved Mills og samstundes jobba som kantor ved St. Peter’s Episcopal Chuch in Redwood City. I Boston starta ho tradisjonen av den årlege «Messiah Sing», at St. Peter’s der publikum tek del som kor under framføringa av sjølve oratoriet. I Wilmington, North Carolina, initierte ho musikalske kveldsgudstenester — «Choral Evensong» — frå den anglikanske tradisjonen samt «Summer Music Camp», eit tilbod om musikk og andre aktivitetar for barn i sommarferien.

Viktige trådar har alltid vore felleskorprosjekt og kulturutveksling for Brunhilde. Med sin internasjonal bakgrunn og erfaringar og med utgangspunktet i tradisjonen vil ho gå nye musikalske veger t.d. i musikkstilar og –repertoar og med musikk og bevegelse. I tillegg er Brunhilde aktiv som konsertorganist og har spelt orgelkonsertar i USA, Tyskland og i Noreg både som solist og i samspel med andre.

Kyrkjemusikk er ei hjertesak for Brunhilde. For å dykke inn endå djupare i fagområder som orgel- og pianospel, orgelimprovisasjon, kor- og orkesterdirigering samt stemme og tale, flytta ho attende til Tyskland i 2000, der ho fekk høgaste grad innafor kyrkjemusikk i Tyskland, såkalla A-Eksamen.

Sidan Brunhilde starta jobben som kantor i Vanylven kyrkjelege fellesråd i mai 2011,  jobba ho også med forskjellige prosjekt, t.d. restaureringa av orgelet i Rovde kyrkje, nytt orgel i St. Jetmund kyrkje og ny liturgisk musikk. Ho samarbeidar med lokale kor og krefter samt skulane for å skape eit variert musikkliv i Vanylven og for å invitere og inkludere fleire i gudstenestene og andre arrangement i dei flotte kyrkjene våre. Så har du lyst til å syngje eller spele litt i nokre av kyrkjene våre, er det berre å ta kontakt!

Brunhilde underviser også i kulturskulen i Vanylven og dirigerer Damekoret og Mannskoret Frendar.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"